Vis meny
Hederspris til Margrethe Tveit

Hederspris til Margrethe Tveit

Kristent Radioforum 2017 sin hederspris er tildelt vår egen Margrethe Tveit.

  |   Av: Eirik Urdal  |   12.09.2017  |   Media

8. - 10. september ble Kristen Radiokonferanse 2017 arrangert på Scandic Oslo Airport. Her ble hedersprisen til Kristent Radioforum delt ut til Margrethe Tveit.

Les pressemeldingen her:

Heidersprisen til Kristent Radioforum 2017 går til Margrethe Tveit

Heidersprisen til Kristent Radioforum 2017 går til Margrethe Tveit, Radio Filadelfia, Kristiansand. Prisen vart overrekt til Tveit den 9. september i samband med Kristent Radioforum sin radiokonferanse i Oslo.

Margrethe Tveit (46) har bakrunn frå Mediehøgskolen på Gimlekollen. I dag er ho dagleg leiar av Radio Filadelfia, Kristiansand.

- Vinnaren av prisen har vore tilsett i Radio Filadelfia dei siste 14 åra og er ein svært dyktig redaksjonsleiar og programleiar. Med sine utprega stayerevner har ho bidratt til veksten og utviklinga i Radio Filadelfia gjennom heile tilsetjingstida si, heiter det i grunngjevinga.

I grunngjevinga av prisen skriv juryen at i løpet av det siste året har ho vore ei av drivkreftene i opprettinga av DAB-radioen Radio 3,16. Ifølgje redaktør i Radio Filadelfia, Wiggo Skagestad, hadde denne satsinga neppe sett dagens ljos utan Margrethes sterke engasjement og medverkad. Menigheten Filadelfia Kristiansand har markert seg i byen med sitt store menighetssenter i Q42. Dette senteret gjev rom til eit omfattande TV-arbeid og Radio Filadelfia/Radio 3,16.

- Dette er eit mediesenter med store framtidsmoglegheiter der Margrethe Tveit er ein viktig nøkkelperson, skriv juryen.

Juryen var samansett av Ragnar Sjølie, Geir Magnus Nyborg og Vigleik Brekke.